Våre tenester
Totalentreprise
UNU tek på seg totalentreprise for kundane våre. I totalentreprise påtek entreprenøren seg både å utføre prosjekteringa og utføringa av det som kontrakten omfattar. Ansvarsretten kan vere samla hos totalentreprenør eller den kan vere delt på underleverandørane for prosjektering og utføring. Om du vel ei totalentreprise frå UNU AS kan du vere trygg på at vi sørgjer for at prosjektet ditt føregår saumlaust og trygt.
Tømrararbeid
Treng du ein snikkar i Nordfjord? UNU AS utfører alt innan tømrar- og snikkararbeid. Om du vel oss til oppdraget ditt kan du vere trygg på at alt arbeidet vert gjort etter føreskriftene og til avtalt tid og pris. I tillegg til generelt tømrar og snikkararbeid kan vi hjelpe til med montering og skifte av dører og vindauge og skifting av kledning på hus, næringsbygg og fasadar.
Betongarbeid
UNU har lang erfaring og høg kompetanse på betongarbeider, Vi utfører betongkonstruksjonar innan bolig og næring, plasstøypt, prefabrikert, kaier, bruer , kullverter og støttemurer. Vi utfører oppdrag for private, næringslivet og offentlige byggherrer.
Våtrom
Handtering av våtrom krev høg kunnskap og god presisjon, og vi i UNU AS har lang erfaring med å sikre at våtrom vert installerte etter føreskriftene. Det er fort føre at det kan oppstå lekkasjar på våtrom som kan gje store skader i bygget, så våre fagfolk legg ære i å gjennomføre arbeidet slik at du har glede av eitt vasstett våtrom i mange år.
Trykktesting
I dag er det krav om trykktesting av bustader og bygg for å få kontroll på kvar varmen forsvinn i bygget. Lekkasjar i bygget kan føre til eit stort energitap, noko som igjen gjev eigaren auka kostnader og ein nyttar unødig med energi i bygget. Dagens krav til trykktesting gjer at ein får god innsikt i bygget sine eigenskapar og dokumentasjon på at bygget er bygd etter føreskriftene. Spør oss om trykktesting, så skal vi sjå på ditt spesifikke prosjekt.