Om oss
UNU blei starta av brødrene Arve Idar og Asbjørn Utnes og Per Chr. Nielsen i 1987. Frå første bokstav i etternavnet til disse tre kjem navnet UNU. Firmaet var eit familieforetak fram til utgangen av 2010. Etter det har Kent Rune Bugjerde og Rune Sætren i lag med Kvernevik AS gått inn på eigarsida.
Firmaet hadde ved oppstarten fire tilsette og har no steget til over 40 tilsette. Gjennom meir enn 30 år har UNU vore ein sentral samarbeidspartner for svært mange store og små prosjekt i Nordfjord. Vi har hovudkontor i Måløy og i 2023 blei søsterselskapet UNU Ålesund AS stifta. Vi har funne gode og solide løysingar på alt frå næringsbygg, bustadar og butikkar til fritidsbustadar og offentlege bygningar. Til grunn for arbeidet vårt legg vi alltid høg kompetanse og eit hjarte for faget som skal sikre at både design, detaljar, funksjon og varigheit er sikra på den beste måten for kundane våre. UNU er ein solid samfunnsbyggjar!
Solid inn i framtida
Vi i UNU har bygd bedrifta vår stein på stein over lang tid. Vi er ein spennande, modig og framoverlent gjeng som vil mykje i jobben vår. Å jobbe i UNU skal vere krevjande, engasjerande og moro. Vi skal gå solid inn i framtida.