Svelgen Panorama
Moderne leilegheiter og omsorgsbustader skapte gjennom gjenbruk.
UNU AS har som totalentreprenør gjennomført ombygging og utvikling av Svelgen Panorama i det tidlegare sjukeheimsbygget i Svelgen. Prosjektet omfattar leilegheitsbygg over fleire etasjar med både private leilegheiter, omsorgsbustader og ein eigen personellbase for Bremanger kommune.
Med fokus på kvalitet, funksjonalitet og samfunnsnytte har UNU transformert det tidlegare sjukeheimsbygget til eit tidsriktig og attraktivt bustadmiljø. Prosjektet viser breidda i vår verksemd som totalentreprenør – der vi pustar nytt liv i eksisterande bygg og skaper trygge heimar for framtida.