Vårt arbeid med berekraft og samfunnsansvar
Berekraft og samfunnsansvar er ein viktig del av UNU sin strategi og vi er dedikert til å ta vårt ansvar for framtida. Vi jobbar difor kontinuerleg med å utvikle og forbetre vår verksemd, våre prosjekt og våre leveransar.
Berekraft
Berekraft har ein sentral rolle i heile vår verdikjede. Vi jobbar kontinuerleg med konkrete tiltak for å nå måla vi set oss. Ut ifrå dei tre hovuddimensjonane økonomi, sosiale forhold og klima og miljø har vi valt oss ut følgjande fire berekraftsmål som er særleg relevante for vårt selskap.
Mål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
UNU bidrar til lokal sysselsetting. Vi har gode arbeidsforhold gjennom eit trygt og sikkert arbeidsmiljø. Vi har tariffavtale og anstendige lønsvilkår. Vi er opptekne av å inkludere dei unge og har som mål å ha 4-6 lærlingar hos oss til ei kvar tid. Vi jobbar med rekruttering av jenter, noko som har vore noko vanskeleg til no.
Mål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon
Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å produsere meir med mindre ressursar i tillegg til å redusere svinn og avfall på byggeplassane. Vi tilstreber god produksjonsplanlegging og riktige innkjøp. Ved ombygging og restaurering foretar vi grundige kartleggingar for å gjenbruke og ombruke det som kan nyttast om igjen. Vi har inngått avtale med miljøaktør og følgjer jevnleg opp sorteringsgrad på avfall samla for bedrifta og ute i det enkelte prosjekt.
Mål 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn
For oss er det viktig å treffe breidt i marknaden og difor har vi prosjekt både for andre og i eigen regi. Vi bygger både i sentrale strøk og ute i bygdene. I tøffe tider på bolig marknaden, har vi ekstra omsyn for dei unge som skal inn på marknaden og legg til rette for at nokon av boligane har utleiedel.
Vi ønsker å vere ein samarbeidspartnar i lokalsamfunnet og bidra til vekst og bulyst. Vi støttar opp om ulike aktivitetar i form av engasjement og pengemessig støtte.
Mål 13: Stoppe klimaendringane
UNU er Miljøfyrtårn sertifisert og førar årleg klimaregnskap. Dette gjev oss innsikt over vår drift, samt oversikt over potensiale for forbetringar og grunnlag for prioritering av tiltak. Klimagassutslipp frå vår verksemd kjem i stor grad frå drivstoff frå eigne varebilar. Mannskapsplanlegging og fokus på effektiv drift er viktige faktorar for å redusere antal kilometer med køyring.
Miljøfyrtårn
UNU er Miljøfyrtårnsertifisert og har i 2025 gjennomgått resertifisering for tre nye år. Det betyr at vi har etablert eit miljøleiingssystem som styrer klima- og miljøarbeidet og hjelper oss med kontinuerleg forbetringar. Sertifiseringa inneheld konkrete krav som må oppfylljast innan arbeidsmiljø, avfall/ombruk, energi, innkjøp og transport.
UNU er nummer 1 av Tenden sine kundar både på sortering og oppfølging. Prosjektleiarane tar kontakt og er opptekne av minst mulig restavfall og mest mulig materialgjenvinning. Avfallshåndteringa følgast bra opp på byggeplass og ein får med seg alle underentreprenørar. – Uttalelse Dan BØ, Tenden Miljø
Har du innspel til korleis UNU sine varer og tenester kan forbedre påverknaden på klima- og miljøet, kontakt oss på firmapost@unu-as.no
Last ned
Anstendige arbeidsforhold
Vi jobbar systematisk i heile vår organisasjon for å sikre sosial berekraft og anstendige arbeidsforhold. Åpenheitslova skal fremje verksemder sitt respekt for grunnleggande mennskerettigheiter og anstendige arbeidsforhold og sikre allmennheiten tilgang til informasjon.