Fjordgløtt, Nordfjordeid
Eit moderne og tidsriktig næringsbygg tilpassa framtidsretta industri.
UNU AS har som totalentreprenør stått for oppføringa av Fjordgløtt, eit nytt og moderne industri- og kontorbygg på Nordfjordeid for Fjordmiljø AS. Prosjektet omfattar eit funksjonelt bygg skreddarsauma for verksemda sine behov innan både kontor- og industridrift, plassert i eit attraktivt næringsområde.
Med fokus på kvalitet, berekraftige løysingar og solid handverk har UNU levert eit næringsbygg som kombinerer estetikk med praktisk funksjonalitet. Prosjektet viser breidda i vår prosjektportefølje som totalentreprenør – der vi følger kunden heile vegen til eit nøkkelferdig og driftssikkert bygg.