Næringsbygg Breivika, Ålesund

Eit moderne næringsbygg for framtidsretta industri og næring.

Vi har inngått kontrakt for oppføring av eit nytt næringsbygg på om lag 14.000 m² i Breivika i Ålesund. Prosjektet omfattar dei bygningsmessige arbeida i ei delt entreprise, med høge krav til framdrift, kvalitet og gjennomføring.

UNU leverer solide løysingar tilpassa moderne næringsverksemd, med fokus på funksjon, effektiv drift og langsiktig verdi. Prosjektet er eit godt døme på vår kapasitet innan større industriretta bygg.

Foto: Atle Verdich, Sky Studio AS.