Vi søker prosjektleiar

UNU AS er eit framoverlent entreprenørselskap med solide røter i Nordfjord. Vi satsar på vekst og utvikling, og søker ein erfaren prosjektleiar som vil vere med på reisa vidare.

Kven er vi, og kva kan vi tilby?

UNU AS driv med bygg- og anleggsprosjekt, med fokus på kvalitet, effektivitet og gode løysingar for kundane våre. Vi er i stadig utvikling og ønsker oss fleire dyktige folk på laget.

Hos oss får du:

  • Ei variert og utfordrande stilling med ansvar og utviklingsmoglegheiter

  • Konkurransedyktige vilkår og firmabilordning

  • Eit godt arbeidsmiljø der vi set menneska i fokus

  • Ei sentral rolle i eit selskap med store ambisjonar

Kven er du, og kva går stillinga ut på?

Du har erfaring frå leiing og drift av byggeprosjekt og relevant utdanning innan bygg og anlegg (bachelor, master eller fagskule). Erfaring innen betong er eit stort pluss. Det er også ein fordel om du har fagbrev som tømrar eller betongarbeidar, men dette er ikkje eit krav. Du er strukturert, samarbeidsorientert, likandes og har god økonomisk forståing.

Som prosjektleiar hos oss vil du:

  • Planleggje, gjennomføre og styre byggeprosjekt frå start til slutt

  • Kalkulere og bidra i anbudsprosesser

  • Ha tett dialog med byggherre og kundar

  • Sikre god framdrift, økonomistyring og kvalitet i prosjekta

  • Ivareta HMS og sikre trygge arbeidsforhold

  • Vere ein sentral del av vidare vekst og utvikling i selskapet

Vi ser etter ein engasjert person som vil vere meir enn ein tilsett – ein nøkkelperson som bidreg til å forme selskapet vidare.

Interessert?

Send søknad med CV eller kontakt oss for meir informasjon.

Daglig leiar UNU AS

Rune Sætren

rune@unu-as.no

Tlf. 906 76 896

Kontorstad Måløy eller Eid.

Forrige
Forrige

Vi søker formenn – betong og tømmer

Neste
Neste

Vi søker tømrere – Ålesund-området