KVALITET

LIGG I DETALJANE

Gjennom 30 år har UNU vore ein sentral samarbeidspartner for svært mange store og små prosjekt i Nordfjord. Vi har funne gode og solide løysingar på alt frå næringsbygg, bustadar og butikkar til fritidsbustadar og offentlege bygningar. Til grunn for arbeidet vårt legg vi alltid høg kompetanse og eit hjarte for faget som skal sikre at både design, detaljar, funksjon og varigheit er sikra på den beste måten for kundane våre. UNU er ein solid samfunnsbyggjar!

TIDSRIKTIG

KVALITET OG DESIGN

UNU AS er ei tradisjonsrik bedrift innan bygg- og anleggsarbeid i Ytre Nordfjord. Vi utfører alle typar byggeoppdrag for både private og offentlege byggherrar. UNU AS ønskjer å forbli ein av dei leiande byggentreprenørane i Nordfjord gjennom fokus på kvalitet, tryggleik, yrkesstoltheit og truverde.