Lagets historie.

Vedvik Båtlag vart stifta som eit lag for å fremje kystkultur og kunnskap om trebåtar, og deltok i arrangementa før OL på Lillehammer i 1994. Kystkulturlaget i Vågsøy vart stifta 19. april 1995 som ei vidareføring av Vedvik Båtlag. Laget har som formål å bevare og oppretthalde tradisjoner som er knyttet til sjø og sjøbruk.

Vi prøver å presentere vår gamle kystkultur ved messer og tilstellinger i Vågsøy og dei nærliggande kommunane. Siden 1997 har vi vært eit fast innslag på Måløydagane, der vi selger tradisjonsmat som tørrsild, kams og fiskesuppe.

Laget kjøpte i 2001 "Starheimsbuda" på Raudeberg. Denne vart sett i stand, og det er etter kvart innreda møtelokale/kafe på loftet i buda.

I 2007 vedtok laget, etter mange års diskusjon, å melde seg inn i Forbundet Kysten. Vi deltok same sommaren på forbundets landsstemne i Horten. Der hadde vi med oss seksæringen "Reinen", som vi hadde brukt vinteren på å sette i stand. På dette stemnet fikk vi prisen for best vedlikehaldne åpne fartøy.

Laget ble tildelt Vågsøy Kommunes kulturpris for 2007 for vårt arbeid med å ta vare på Starheimsbuda og for å halde i hevd gammal tradisjonsmat, båtar og vegn.