STIEN FRÅ VEDVIK TIL SKONGSNES.

Å gå langs fjøra frå Vedvik til Skongsnes er ikkje alle plassar like lett.
Særlig er det eit stykke på sørsida av Halsen som kan vere vanskelig. Så "gamlekarane" hadde strekt opp ein wire som dei kunne holde seg i når dei skulle forsere dette stykket, ofte i treskor og med kipe på ryggen.
Vi i kystkulturlaget bestemte oss for å sette i stand denne stien igjen, og våren 2004 var Geirfinn, Harald og Arve Idar i sving med bormaskin og ny wire.


Vi bestemte oss og for at stien måtte brukast.
Derfor arrangerte vi tur langs sjøen til Skongsnesfyret på 1. mai, den første turen gjekk i 2004.
Sida har vi teke turen 1. mai kvart år.

Vi møtes på Skaråsa, og går fjellet ut til fyret. Vi har etter kvart endra turen litt med å gå forskjellige vegar, I 2009 var vi og ein gjeng som gjekk nedom Skongsneshellaren på vei til fyret.
Så samlast vi der og får servert vafler, kaffi og saft frå fyrfolket.
Deretter går vi gamlestien tilbake til Vedvik.






Vi går mykje nede i fjøra, og det kan vere ganske glatt.
Så i 2010, når det nylig hadde regna, gjekk vi tilbake til Vedvik langs "Brinken" over fjellet.
Vi har då heile tida utsikt utover havet og mot Kråkenes, og dette er og ein fin tur.


Det er Ytre Nordfjord Turlag som no står for vedlikehald og drifta av fyret, og 1. mai sel dei kaffi mm til besøkande.